«Raudingane» synest det er betre med kinesiske og utanlandske eigarar av norske bedrifter, medan desse slepp formuesskatt må norske bedriftseigarar betale ein dyr og meiningslaus formueskatt.
Alle er nok einige i at det skal vere skatt på utbytte og det ein tek ut av overskotet i bedrifter, derimot blir det greinalaust når ein ikkje kan bygge opp eigenkapital i bedrifter utan å bli skatta i kne.
Når bedrifter velger å styrke eigenkapitalen med overskot, styrkar og sikrar dette Norske arbeidsplassar.
Utan solide bedrifter med god egenkapital kan bedriftene heller ikkje premiere sine tilsette ang løn eller utvikle bedrifta og skape fleire arbeidsplassar.
Dei raud/grøne partia er fullstendig på jordet ang formuesskatten, og framstiller dette som berre «rikingar» som skal leve i sus og i dus, dette er grovt feilaktig, og storparten av bedriftene her i fylket er små og mellomstore også familieigde, som har bygd stein på stein for å utvikle bedrifta og skape vekst og arbeidsplassar.
Spesielt no i pandemitida er det krevjandes tider for mange bedrifter, og det er aldeles greinalaust at bedrifter må skaffe lånt kapital for å betale ein håplaus formuesskatt som i realiteten har «skivebom» på målet.
FrP ynskjer formuesskatten fjerna, og er no snart einaste partiet som verkeleg frontar næringslivet sine rammevilkår og frontar det som kan skape vidare vekst og utvikling.
Fjern formueskatten og eigedomsskatten, begge desse skattane bygger ned næringslivet og hindrar muligheita for fleire arbeidsplassar i næringsfylket nr. 1 Møre og Romsdal.