Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Del på Facebook
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Valet nærmar seg, og det er viktig for veljarane å vite kva partia står for i saker ein er oppteken av. Nokre seier dei vil stemme FrP fordi dei er einaste partiet som er imot Møreaksen. Vi i Møre og Romsdal SV vil difor kome med følgjande informasjon:

I motsetning til FrP, har SV, både her i Møre og Romsdal og på Stortinget, vore imot (og stemt imot) Møreaksen heile tida. Det er ei naturleg følgje av at vi prioriterer gode kvardagsvegar, rassikring og trafikktrygging framfor ferjefri E 39. Vi har sagt ja til å greie ut Romsdalsaksen, men førstevalet vårt for fjordkryssing er hyppige, grøne og rimelege ferjer (SV var med i fleirtalet som sikra, i første omgang, ei halvering av ferjeprisane).

Det vert for mykje å nemne alle argumenta mot Møreaksen, så eg summerer berre kort nokre av dei: Det er dyrt, både for samfunnet og for bilistane som skal betale bompengar. Det er djupt og bratt, og vil vere ein omveg for mange. Det vil auke klimagassutsleppa. Det vil truge plante-og dyreliv i Moldemarka. Med berre eitt løp vil tunnelen mellom aust og vest under byen vere trafikkfarleg. Utløpet ved Bolsønes vil bli ei trafikkmaskin!

Ferjene vil gå på straum. Vassvegen ligg der, heilt klar. Yrkessjåførar får sårt tiltrengde pausar: Norsk Lastebileierforbund er samde med oss! Folk som bur på Vestnes og jobbar i Molde kan ta sykkelen på ferja. Ferjene over fjorden vil gå mykje oftare enn bussane gjennom Møreaksen, og dermed vere eit betre kollektivtilbod. Turistar (og fastbuande) får sjå fantastiske fjordlandskap, ikkje svarte tunnelar.

Nokre hevdar at toget er gått. Det stemmer ikkje. Det er ikkje løyvt pengar til bygging, og spaden er ikkje sett i jorda. Alt tyder på at det komande valet vil føre til regjeringsskifte, og at det vert ei raudgrøn regjering. Eit sterkt SV kan, saman med andre miljøparti, stille krav om å legge planen om ferjefri E 39 i skuffa.

I kjend stil fisker Frp i opprørt vatn, men vi oppmoder veljarane å spør om politikken til Frp møter dei store utfordringane vi står overfor, klimaendringar, naturkrise og aukande forskjeller?

Korleis tenkjer FrP at dei kan påverke ei raudgrøn regjering etter valet?

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Lama Vik · 2 år siden
    (Skal berre bygge Nordøyvegen først. SÅ er vi mot djupe og bratte tunnellar)
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Ingolf Kaldahl · 2 år siden
      @Lama Vik SV gikk også imot bevilgninger til Nordøyvegen på Fylkestinget, så det er sagt!
Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Viktig informasjon i tåkeleggingskaoset dette. Hva angår vindkraft blir den aldri bedre enn ca 30% i effektivitetsgrad mot innstallert effekt ...
Ansgar Dypbukt 3 dager siden Strømprisen til himmels
Sier meg enig i alt du skriver, strøm prisen er jo helt forferdelig ikke bare den, men nettleia er jo ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøSaksa frå referansegruppemøte 17.08.23: Forslag NTP 2024- 2036: Forslaget til ny plan innebærer mer enn halvering av årlige midler til vegbygging ...
Geir Ole Sætremyr 10 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 10 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 11 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse