Annonse
Annonse
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
13 oktober 2022 10:23
Del på Facebook
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Per Vidar Kjølmoen som næringspolitisk talsmann for Ap, framstår egentlig som sjefen for å avvikle næringslivet i Møre og Romsdal.

Statsbudsjettet frå regjeringa er eit alvorleg angrep på privat næringsliv å eit angrep på næringsfylket Møre og Romsdal.

Skyhøge drivstoffprisar forblir skyhøge og endringa i drivstoffavgifta vert utjamna med auka CO2-avgift, så her står dieselprisane på samme skyhøge nivået. Drivstoffprisane rammar transport, bygg og anleggsbransjen brutalt, likeså fiskerinæringa og andre næringar.

I tillegg har regjeringa sitt angrep på oppdrettsnæringa med sin vanvittige grunnrenteskatt på heile 62 prosent, sendt denne næringa i sjokktilstand.

Alt av nye prosjekt blir truleg lagt på is, bygging av nye båtar samt nye slakte og produksjonsanlegg for laks vert truleg utsatt eller skrinlagde. Skipsverfta fortvilar, og resten av næringslivet i heile fylket likeså. Dette betyr at tusenvis av arbeidsplassar i distrikta vert råka, og her i fylket har vi også svært mange mekaniske bedrifter som produserer anlegg for oppdrettsnæringa i heile Norge, som altså vert brutalt ramma. Oppdrettsnæringa er ofte «hjørnesteinsbedrifta» i øysamfunn, øysamfunn der Kjølmoen og co slår seg på brystet for reduserte ferjetakstar.

Men, kva skal ein med reduserte ferjetakstar dersom arbeidsplassane forsvinn og grunnlaget for hus og heim opphører?

Kjølmoen og co skulle liksom ramme «rikingane» men istaden er det vanlige folk og små og mellomstore bedrifter i heile landet ein råkar, samt spesielt distrikta og kystsamfunna.

Næringsforeiningane frå Arendal til Trondheim har kome med eit kraftfullt opprop ang angrepet på oppdrettsnæringa, og argumenta deira er klokkelare. «Forslaget frå regjeringa er ei brutal vridning av ressursar frå kyst og distrikt til sentrale strøk, og at resultatet vert færre arbeidsplassar, færre distriktsgrundera, og færre oppdrag til vår industri og ein gåvepakke til våre konkurrentar i utlandet.

Som om ikkje dette var nok, har regjeringa også auka grunnrenteskatten for kraftproduksjon, noko som medfører at til dømes Tafjord kraft stoppar all utvikling og varslar kutt i oppdrag på 100 mill kr. Dei har også varsla kutt i utbytter til kommunane som igjen råkar skular, barnehagar, eldreomsorg osv i desse eigarkommunane.

annonse

Regjeringa sitt framlegg om kravet om norske sjøfolk i norsk farevatn rammar også vårt lokale næringsliv her i fylket. Frykta her er at dette vil føre til kraftig reduksjon i denne næringa og tap av både aktivitet, utvikling og arbeidsplassar.

Sp som borgarleg parti har brått blitt eit «krampesosialistisk» parti, og der finansminister Vedum overgår Rødt med sine 46 milliardar i skatteauke. At Ap med Kjølmoen i spissen her i fylket gjev totalt blaffen i sitt eige næringsliv var ikkje overraksande, men at Sp følger etter er mildt sagt aldeles sprøtt!

Per Vidar Kjølmoen som næringspolitisk talsperson i Ap, framstår meir eller mindre som ein dårleg vits!

«Cocktailen» som Kjølmoen og co har sausa i hop for næringslivet er svært farleg og dødeleg for næringslivet. Blanding vitnar om ein totalt mangel på forståelse for at ein må ha eit godt og aktivt privat næringsliv som skapar verdiane her i landet.

Vedum, Ap og co har gløymt prinsippet om at pengane skal skapast av private bedrifter, skape arbeidsplassar for vanlige folk som betalar skatt, som igjen fører til midlar til staten som kan brukast til offentleg velferd.

No ser det ut til at det offentlege skal forbruke vanlige folk og næringslivet sine pengar, medan ein slaktar privat næringsliv som skulle skape desse skatteinntektene. Aldeles greinalaust der den offentlege drifta ikkje vert kutta eller rasjonalisert eit komma, men privat næringsliv og lommeboka til folk flest skal tømmast.

Kva har Vedum, Støre og Kjølmoen tenkt å gjere, når dei ein dag går tom for andre sine pengar?

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Anne Mari Sandshamn 1 dager siden Alvorlig av Statens Vegvesen
@Terje SundsbøSa ikke at det var trygt, men tryggere for mennesker, da det er lett å komme seg av en ferge, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Alvorlig av Statens Vegvesen
@Anne Mari SandshamnOm «vertskapet» er en idrettsturnering eller et annet kulturarrangement man deltar på, så kan man ikke dra før det er ...
Anne Mari Sandshamn 2 dager siden Alvorlig av Statens Vegvesen
@Terje SundsbøBrann på ferge er ingen fare for passasjerer, det er bare å gå i en livbåt. Det er inge store ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Alvorlig av Statens Vegvesen
Det er svært alvorlig når Jørn Inge Løvik, daglig leder Romsdalsaksen AS, unnlater å nevne at med Møreaksen så blir ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Alvorlig av Statens Vegvesen
@Anne Mari SandshamnJeg tror de fleste følger dine velmenende råd. Men svær ofte skjer det uforutsette ting. Og du kan jo ikke ...
Anne Mari Sandshamn 2 dager siden Alvorlig av Statens Vegvesen
@Terje SundsbøOm du stresser av gårde i frykt for å møte en stengt fergebom,bør du lære deg å starte avreise tidliger. ...
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte