Annonse
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
27 oktober 2022 20:31
Del på Facebook
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, Senterpartiet. Foto: Heiko Junge / NTB
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, Senterpartiet. Foto: Heiko Junge / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er direkte «skudd i blinde» av Tryggestad i Sp, og eit grovt forsøk på å forlede både vanlige folk og næringslivet med å framstå som at Sp-ordførarane liksom skal sende brev til si eiga regjering om den alvorlige situasjonen ang statsbudsjett.

Sp og Ap har sjølvsagt i mange, mange månadar forankra sitt statsbudsjettframlegg internt i sitt eige parti.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Såleis har sjølvsagt Tryggestad og alle andre sentrale Sp-politikarar vore klar over innholdet med tidenes skattebombe i statsbudsjettframlegget frå Sp og Ap, og det har dei vore klar over lenge.

Både den kraftige auken på heile 55 milliard kr i skatteauke, kraftig auke i formuesskatten og dei vanvittige grunnrenteskattene på oppdrett og straumproduksjon, har Tryggestad og resten av Sp både medverka til internt, og har sansynlegvis vore klar over i månedsvis.

At Tryggestad framstår no nærmast i sjokk over at konsekvensane av «SP i praksis» for næringslivet kjem for ein dag, framstår rett og slett både pinleg og useriøst.

Det er for seint å snytt seg når nasa er vekk – og det er mindre enn nokre veker sidan Tryggestad i SMP hardnakka forsvarte dei kraftige skatteaukane i statsbudsjett framlegget frå Sp i regjering.

No når konsekvensane kjem klart og tydeleg frå næringslivet som også no stoppar meir enn 600 mill kr i satsing frå Flakk i Stranda kommune og på Hellesylt, oppdagar også Tryggestad sin eigen greinalause politikk i praksis.

Annonse
Annonse

Kven skal finansiere offentlig velferd når sosialistane slik som Sp har brukt opp vanlige folk og næringslivet sine pengar.

Verdiar må fyrst skapast av privat næringsliv, før skattar og avgifter kan takast inn på overskot som igjen kan brukast til offentleg velferd.

Sp og Ap regjeringa har levert til Stortinget sitt statsbudsjettframlegg, og endrar sjølvsagt ikkje dette framlegget. Dette framlegget ligg no alt til behandling i komiteene i Stortinget.

Einaste forandringa som sansynlegvis vil skje, er at etter forhandlingane med SV blir det enda meir skatt, enda meir formuesskatt, enda meir grunnrenteskatt og såleis enda meir håplaust for vanlige folk og næringslivet.

Sp i praksis er nok tungt å svelge for Sp-ordførar Tryggestad, men han og resten av Sp må ta ansvaret for det dei sjølve har vore med på i arbeidet med å utarbeide dette greinalause statsbudsjett framlegget frå eiga regjering.

Enda ein gong ser vi Sp i praksis.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 16 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse