Raudt har frå første stund etter at høgsterettsdommen kom kravd at turbinane på Fosen må rivast.
I skrivande stund har Olje- og energidepartementet og regjeringa i 508 dagar nekta å etterleve ein dom der Høgsterett i storkammar samrøystes har slått fast at samane sine rettar er krenka, og at vedtaka om konsesjon og ekspropriasjon difor er ugyldige. Norske styresmakter har på Fosen, Øyfjellet og i Alta ført, og fører framleis, ein kolonialistisk kraftpolitikk der samiske område blir øydelagt av kraftproduksjon.
Det er noverande regjering som har ansvaret for å rydde opp og det er berre eit svar: Rive turbinane og tilbakeføre naturen slik den var. Men Solberg-regjeringa har ansvaret for at vi har hamna i den situasjonen vi er i. I 2018 bad FNs rasediskrimineringskomité norske styresmakter om å setje anleggsarbeidet på vent til saka fekk ei avklaring i rettsvesenet. Dåverande olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) nekta og bad FN trekkje motsegna. Anleggsarbeidet heldt fram, likeeins rettsprosessen som til slutt gav samane medhald.
Når Støre-regjeringa no nektar å respektere ein rettskraftig dom, handlar dette òg om ambisjonane om å gjere Noreg til ein råvareeksporttør av straum og eit «grønt batteri» for Europa. Dei ønskjer ei storstilt utbygging av vindkraft på land og til havs, noko som vil føre til at samiske rettar og samisk og norsk natur blir ofra.
Regjeringa har gått i brodden for ein straumpolitikk som er ei ulykke for landet. Acer og tilknyting til EU-marknaden har ført til uhemma eksport av straum og import av tyske straumprisar for folk og næringsliv.
Ansvaret for å handle ligg no på Støre-regjeringa. Raudt Ytre Søre krev at turbinane på Fosen må rivast og tilbakeføre naturen slik den var. Vi krev samstundes at arrestasjonane og bøtelegginga av demonstrantane må stoggast.