Annonse
KSU – Vipps – desktop
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet
Ytring
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet
08 september 2017 14:03
Del på Facebook
Jenny Klinge. Foto: Senterpartiet
Jenny Klinge. Foto: Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Justisministeren må svara Kristiansund

Stortinget vedtok 21. juni revidert nasjonalbudsjett, og der sto det fleire millionar kroner til løns- og rekneskapssenteret i Kristiansund. Om det er slik at oppgåvene var tenkt flytta frå Kristiansund allereie 23. juni, må eg spørje justisminister Amundsen kvifor han ikkje opplyste om dette då Stortinget to dagar tidlegare vedtok revidert nasjonalbudsjett. Vart avgjerda fatta i løpet av to dagar, eller har han bevisst tilbakeheldt opplysningar han pliktar å gi? Begge alternativ er fullstendig uhaldbare.

Eg vil minne om at regjeringa står til ansvar overfor Stortinget. Dersom justisministeren – fullt bevisst - lot Stortinget vedta budsjett på feil grunnlag, er det svært alvorleg. Om han faktisk ikkje visste noko på dette tidspunktet, ønskjer eg å vita kva opplysningar han fekk i fanget i løpet av dei to neste dagane som førte til at han straks måtte fatte avgjerd om å få dei tiltenkte rekneskapsoppgåvene vekk frå Kristiansund. I same slengen kan han godt forklåre kvifor det tar ein justisminister to dagar å fatte ei så viktig avgjerd, men over to månadar og ein medieførespurnad før han opplyser folk om den. No må justisministeren raskt orientere om kva stillingane i Kristiansund faktisk skal innehalde.

Spørsmål 1

21. juni vedtok Stortinget revidert nasjonalbudsjett. 23. juni gjekk det ut eit oppdragsbrev om overføring av politiet sine rekneskapstenester til Direktoratet for økonomistyring. Kan justisministeren gjere greie for kvifor han ikkje - under handsaminga av revidert nasjonalbudsjett - informerte Stortinget om dei moglege planane om å flytte rekneskapsoppgåvene til løns- og rekneskapssenteret i Kristiansund til Trondheim?

Grunngjeving:
Det er ikkje lenge sidan regjeringa lova at politiet sitt lønns- og rekneskapssenter skulle leggjast til Kristiansund og få 70 stillingar. Dette vart så redusert til 50, fordi regjeringa bestemte at Direktoratet for økonomistyring (DFØ) skulle ta over nokre av oppgåvene på lønsområdet. Til gjengjeld skulle Kristiansund få 20 stillingar til skattekontoret.

I går kom det fram i avisa Tidens Krav at rekneskapsoppgåvene som skulle til Kristiansund kan bli gitt til Trondheim. I offentleg elektronisk postjournal ligg det eit oppdragsbrev datert 23.06.17 om «overføring av politiets regnskapstjenester til Direktoratet for økonomistyring» (DFØ). I revidert nasjonalbudsjett som vart vedtatt to dagar før låg det framleis inne millionar til løns- og rekneskapssenteret i Kristiansund, og verken justiskomiteen eller Stortinget fekk opplysningar om at rekneskapsoppgåvene kanskje ikkje skulle leggjast til Kristiansund.

Spørsmål 2

Kan statsråden gjere greie for kva dei 50 politifaglege stillingane han har lova Kristiansund kjem til å innehalde i praksis av oppgåver, og når desse skal vera på plass ?

Grunngjeving:
Regjeringa lova først at politiet sitt løns- og rekneskapssenter skulle leggjast til Kristiansund og få 70 stillingar. Dette vart så redusert til 50, fordi regjeringa bestemte at Direktoratet for økonomistyring (DFØ) skulle ta over nokre av oppgåvene på lønsområdet. Til gjengjeld skulle Kristiansund få 20 stillingar til skattekontoret. I går kom det fram i Tidens Krav at rekneskapsoppgåvene som skulle til Kristiansund kan bli gitt til Trondheim, men justisministeren lovar at det framleis skal vera 50 politifaglege stillingar i Kristiansund. Justisministeren bør avklåre dette snarast.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Anne Mari Sandshamn 5 timer siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 13 timer siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 1 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Vidar Hölm 1 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
Norges offentlige helsevesen er i full krise og det er det nettopp Arbeiderpartiet som har hovedansvaret for! Helsereformen 2002/Tore Tønne. ...
Ketil Strand Andersen 5 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse