Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
16 januar 2023 15:08
Del på Facebook
Hengebrua på den planlagte kryssingen av E39 Romsdalsfjorden over Julsundet sett mot Julbøen. Illustrasjon: Rambøll/Statens vegvesen
Hengebrua på den planlagte kryssingen av E39 Romsdalsfjorden over Julsundet sett mot Julbøen. Illustrasjon: Rambøll/Statens vegvesen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Statens vegvesen har fått bruke 100 million kr til planlegging av Møreaksen i 2022, medan Nye Veier AS ikkje får starte bygging av E136 på grunn av pengemangel, forstå det den som kan?

E136 Romsdalen er prioritert som nr. 1 her i fylket, medan Møreaksen som var langt ned på lista reiser med pengane!

Heldigvis er det i Statsbudsjettet for 2023 frå Sp, Ap og SV ikkje sett av ei krone til verken planlegging eller noko anna av Møreaksen.

Frå før veit vi alle at regjeringa har stoppa arbeidet med mange av dei største vegprosjekta i landet til fleire titals milliard kr, grunna i den økonomiske situasjonen.

Den nye regjeringa ser ut til å ikkje ville byggje veg!

Prisstigninga på bygg og anlegg er på over 17 %, på enkelte områder vesentlig høgare.

Transport, bygg- og anleggsbransjen er i kneståande med bakgrunn i dei skyhøge drivstoffprisane, som også sjølvsagt rammar vegbygging brutalt.

Regjeringa sin utsettelse av store vegprosjekt fører sjølvsagt til at alt av prosjekt blir skubba betydeleg ut i tid. Kvart år desse prosjekta blir utsatt aukar kostnadane voldsomt.

Møreaksen ligg langt bak i køa i Vegdirektoratet sine planar.

Før Møreaksen ligg mange prosjekt med sansynlegvis eit kostnadsnivå på mellom 100-150 milliard kr pga den galloperande prisveksten og kostnadsauken.

Realismen for å tru at Møreaksen nokon gong i framtida blir bygd ebbar heldigvis ut, dag for dag.

Historien vil nok sjå tilbake på det vanvittige sløseriet ved å bruke hundrevis av million kr til planlegging av eit prosjekt som det aldri skulle vore brukt ei kr på.

Så har vi fortsatt nokre få personar, også i Høgre som febrilsk og fortvila klamrer seg til håpet om at Møreaksen blir bygd, sjølv om dei også sjølvsagt ser dei harde fakta i saka.

Førige NTP vart ikkje vedteken, og fekk ikkje nødvendig fleirtal. Den vart lagt ved protokollen utan at det var fleirtal bak nokon sitt opplegg.

At Statens vegvesen brukar dette som grunnlag for å sløse vekk hundrevis av million kr på prosjekt slik som Møreaksen, framstår meir som «offentlig sysselsetting».

Greit å holde offentlig tilsette i STVV i arbeid, men hadde vore ein fordel at dei brukte tida si på realistiske prosjekt som kan byggjast og reelt finansierast.

E136 frå Ålesund–Bjorli står i stampe, og Samferdselsministeren bekrefter at det blir ikkje oppstarta i år heller, pga manglande pengar til Nye Veier AS.

Statens vegvesen som har ansvaret for E136 Ålesund–Vestnes holder på som i dei siste 20–30 åra, stort sett med « offentlig sysselsetting» med lite ny veg som resultat.

Ser ut til at Statens vegvesen region midt ikkje vil ha ny E136, men heller har lagt alle korta i potten på Møreaksen.

Realiteten er at med dagens framdrift i prioritering, finansiering og realisering av store vegprosjekt av dagens regjering, vil det ta tiår før lista kryper bakover til Møreaksen nivå.

Slik er realitetane, slik er fakta og dette fører heldigvis til at vi alle forhåpentligvis snart kan avslutte historien om Møreaksen.

Møreaksen, vegen som innbyggjarane ikkje ville ha, medan nokon få fekk holde på med å sløste vekk hundrevis av million kr av skattebetalarane sine pengar.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ansgar Dypbukt 12 timer siden Strømprisen til himmels
Sier meg enig i alt du skriver, strøm prisen er jo helt forferdelig ikke bare den, men nettleia er jo ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøSaksa frå referansegruppemøte 17.08.23: Forslag NTP 2024- 2036: Forslaget til ny plan innebærer mer enn halvering av årlige midler til vegbygging ...
Geir Ole Sætremyr 7 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 7 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 8 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Terje Sundsbø 8 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse