Annonse
Dordi Boksasp Lerum, ungdomskandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal
Ytring
Dordi Boksasp Lerum, ungdomskandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal
23 januar 2023 15:37
Del på Facebook
Foto: Berit Roald / NTB
Foto: Berit Roald / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

24. januar er det verdas dag for utdanning. På ein dag som dette må vi setje pris på at vi har eit samfunn der vi kan utdanne oss i heile landet – iallfall om Senterpartiet får styre.

Sjølv fekk eg gå på ein vidaregåande skule i min eigen kommune. For meg hadde det ein enorm verdi. Det å ha kjende fjes i gongane, ha lærarar som ser kvar enkelt elev og å sleppe å bruke fleire timar kvar dag på buss gjorde at både eg og mine medelevar følte oss trygge og fekk lære meir. På vitnemålsutdelinga sa rektoren at han aldri før hadde hatt ein klasse med så høgt karaktersnitt. Min vidaregåande skule er verken stor eller ligg i ein by, men til det som må vere Møre og Romsdal Høgre sin store overrasking, så er vi nesten best i klassen både på trivsel og på resultat.

For Høgre i Møre og Romsdal har fleire gonger prøvd å legge ned både min vidaregåande skule på Tingvoll, men også andre vidaregåande skular i fylket som ligg utanfor byane, som til dømes i Stranda og Surnadal. Vidaregåande skular i distrikta er i følgje dei for dyre, for små og for dårlege. Den same ideologien om sentralisering og nedlegging høyrer til resten av høgresida, som Frp og Venstre. Trur dei verkeleg at elevane får det betre om dei ufrivillig blir flytta til ein skule langt heimafrå?

I fylket vårt har vi 21 vidaregåande skular. Elevar i heile Møre og Romsdal skal få halde fram med å ta si utdanning på ein nærskule også i framtida med Senterpartiet sine hender på rattet.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 6 timer siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse