Annonse
KSU – Vipps – desktop
Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet
Ytring
Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet
27 mai 2024 13:02
Del på Facebook
Foto: Frank May / NTB
Foto: Frank May / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Tida der heile trafikken stoppar opp for at fylkeskommunen skal frisere grøftekantane ujamt og stygt er her. Når skal ein innsjå at det er tullete å bruke skattebetalarane sine pengar på å drive med kantslått?

Eg tykkjer det er koseleg med blomar i grøftekantane. Då eg var barn gjekk vi ofte langs vegen og åt sjølvplukka markjordbær medan vi laga blomebukettar til mor. Rundt om kring oss susa humlene, og økosystemet gjekk sin vante gong.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Men no er idyllen altså brått slutt. I laupet av den neste tida skal nemleg 3000 kilometer med fylkesveg (og for å ikkje snakke om kommunale vegar!!) vere offer for kantslåtten. Det er eg i mot.

«Å slå graset gir sikt og tryggleik langs vegane», seier Torgeir Bye på fylket på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune. Ein må vere ein enormt dårleg sjåfør om ein blir distrahert av blomar i grøftekantane. Eller om ein ikkje klarar å køyre bil fordi graset på sidene av vegen har vekse til knehøgde.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Det som derimot er trafikkfarleg, er dei store maskinene/bilane som driv med kantslått. Ikkje berre blir ein irritert og sur fordi dei fjernar fine blomar og gjer det stygt rundt om kring i lokalsamfunna, men trafikken går jo i sirup! Det fører til farlege forbikøyringar og dårleg trafikkflyt – noko eg vil tru er langt meir trafikkfarleg enn litt smørblomar, løvetann og hestehov langs sidene av vegen.

Det kan godt hende det er unntak, der det faktisk er slik at tungtvegande grunnar tilseier at ein bør slå graset. Som til dømes i kvasse svingar og liknande. Men i all hovudsak ser eg absolutt ingen grunn til det.

I den same nettsaka argumenterer Bye for at ein tek vare på artsmangfaldet ved å drive med kantslått fordi ein då får vekk framande artar. Som om det berre veks framande artar i grøftekantane? Og kva med den utrydningstrua humla som får fjerna deler av sitt levebrød?

Med atterhald om at det finnes nokon svææært gode grunnar som gjer at det er totalt naudsynt å bruke det eg vil tru er mange millionar kroner på å fjerne blomar frå grøftekantane i ein fylkeskommune som nærmar seg robeklista, meiner eg det er på tide å slutte på denne styggedomen.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Jan Erik Kjønsvik · 7 måneder siden
    Hvis du ser utenfor der de slår kantslått, så vil det se akkurat likedan helt inntill vegen hvis veg myndighetene slutter med slåtten. Det at det blir utført kantslått er faktisk grunnen til at det vokser så mye blomster i vegkantene. Et annet tungtveiende argument for å fortsette å slå er at antallet viltpåkjørsler vil øke dramatisk hvis vegetasjon får vokse vilt helt inntil vegkanten.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Anne Mari Sandshamn · 7 måneder siden
    Så enig, de kan vente med kanstslått til etter blomstring, eller prioritere å slå i uoversiktelige svinger, og ved veikryss. og la resten stå uklipt. Humler, bier og veps trenger plantene i grøfta!  Ta hensyn til innsektene nå! 

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøTrafikken gjennom Molde blir ikkje redusert med å flytte ferga til Mordalsvågen. 
Terje Sundsbø 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDen neste store flaskehalsen er fergeleiet og E39 gjennom sentrum av Molde. Flytting av fergeleiet er påkrevet. Til Mordalsvågen.
Geir Ole Sætremyr 20 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDen løysinga ligg i stabilt sideleie, kanskje også på sotteseng.
Terje Sundsbø 22 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDen største flaskehalsen på E39 Ålesund-Molde er fergen Vestnes-Molde. Den fjernes med trinn 1 på Møreaksen.
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDet står at det kan arbeidast med å fjerne flaskehalsar langs eksisterande E39.  Og Vik til Molde er ikkje eksisterande ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDu hevder at tildelingsbrevet til SVV stopper videre arbeid med Møreaksen. Nå hevder du at budsjettet var på ca. 110 ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse