Annonse
Einar Kjerstad
Ytring
Einar Kjerstad
04 desember 2018 15:33
Del på Facebook
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Anbodet for fastlandssambandet til Nordøyane  vart om lag 800 millionar dyrare enn den styringsramma Statens Vegvesen (SVV) hadde til rådvelde. Frå dette vart kjent har både styret i Nordøyvegen, og ikkje minst plannemnda for samferdselsutbygging har lagt ned ein imponerande innsats for å få prosjektet attende på sporet mot realisering. Den 12. november kunne leiaren for plannemnda Kristin Sørheim presentere ei løysing som er både betre og meir robust enn det grunnlaget fylkestinget godtok som grunnlag for byggevedtaket for to år sidan.

Etter at anbodsoverskridingane vart kjende har fylkesadministrasjonen gått ut for å informere det breie lag i folket om at fylkesøkonomien vil havarere dersom ein vel å realisere Nordøyvegen. Særleg er det vist til at skuleverket vil få lite midlar framover.  

Mange innlegg i debatten har fokusert på og medverka til å understreke utsagna få fylkesadministrasjonen. Artiklane inneheld svært lite faktisk informasjon og manglar substans. Trenden er vidareført av Per Helge Pedersen i eit innlegg på ksu.no der han karakteriserer Nordøyvegen som ei «katastrofe uansett». Han snakkar om tidenes største prosjekt, kva har det med saka å gjere? Kor sikker kan han vera på det. Ei diskontering av eksempelvis sjukehusutbygginga på Åse i slutten av sekstiåra kan fort vise seg å ha vore ei langt meir krevjande oppgåve for fylket. I alle høve om ein set det opp mot totalbudsjettet i fylket på den tida. Så er folketalet langs vegtraseen nok ein gong kome på bana, kvar dette å gjere med folketalet det vert samanlikna med i Kristiansund. Og så er det skule og infrastruktur. Dersom Per Helge Pedersen hadde  følgt med i timen ville han fått med seg at fylkeskommuna no langt på veg har innrømt at dei har overestimert med 1,6 milliardar. 

Nedanfor er det vist kor pengane til prosjektet kjem frå, her ser ein knapt ei fylkeskommunal krone. Fylket sin del kjem i form av at låneopptak for å få prosessen i gang.

Ingen av pengane i finansieringa av vegprosjektet kan nyttast til andre formål. Dette er udiskutable fakta.

Rapporten frå Deloitte konkluderer med at vegprosjektet vil ha ein positiv kontantstraum frå oppstarten og vidare at vegprosjektet vil bidra med om lag ein milliard i pluss for fylkesøkonomien. Tala kan etterprøvast av kven som helst. Dette har også leiande økonomar frå Høgskulen i Molde,  NTNU i Ålesund og Handelshøgskulen i Bergen sagt seg einige i og presentert synet i mellom anna kronikkar i Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten. Fylkesrådmannen er no i gang med å rekalkulere reknestykket sitt.

Plannemnda for samferdselsutbygging er dei best informerte om prosjektet. Denne gruppa av politikarar har sagt at finansieringsløysinga som no ligg føre er betre enn den fylkestinget valde å stemme for i 2016. Vegen kostar ikkje 6,6 milliardar kroner. Det som står att å bygge kostar om lag 3,7 milliardar, om lag det same som ei ferjelysing vil koste dei neste 20 åra om ein ikkje tek med ein og halv milliard til ferjeleier og straumforsyning til dei same ferjene og kva det vil koste å tilbakeføre naturinngrepa som allereie er gjort i vegprosjektet. 

Eg har større tiltru til faktiske etterprovbare opplysingar enn synsing om mulige konsekvensar og flørting med ein folkeopinion som er forleda til å tru at Nordøyvegen øydelegg økonomien i fylket  for lang tid framover. Eg håper og trur at politikarane i fylkestinget vil følje tilrådinga frå fylkesutvalet den 11. desember og det blir ingen katastrofe for Møre og Romsdal. 

Til slutt vil vi oppmode alle som vil ha eit ord med i laget om å gå til «Kva om vi ikke bygger Nordøyvegen».

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Anne Mari Sandshamn Nylig Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 7 timer siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 1 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Vidar Hölm 1 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
Norges offentlige helsevesen er i full krise og det er det nettopp Arbeiderpartiet som har hovedansvaret for! Helsereformen 2002/Tore Tønne. ...
Ketil Strand Andersen 5 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse