Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
05 desember 2018 10:17
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tilsvar til leder i Tidens Krav: - Her møter Sve seg selv i døra med et brak

« Det er ikkje sidrumpa nissa, som har bygd verken fylket eller landet»

Tidens Krav har ein leder i dag, der dei også har stor interesse av Frank Sve og FrP.

Når det er sagt, så hadde det vore ein fordel at TK gadd å opne dokumenta og faktisk forsøke å setje seg inn i Nordøyvegsaka.

Det er ingen tvil om at fortsatt ferjedrift med utlysing av nye anbod for null og lågutslippsfartøy med bygging av nye ferjekaier og strømtilførsel, er vesentlig dyrare enn å bygge Nordøyvegen.

Låneopptak til Nordøyvegen er sett til 2,9 milliard kr inkl 745 mill kr i usikkerhetsavsetnad.

Dagens ferjedrift kostar årleg netto 75 mill kr, over 40 år er dette 3 milliard kr. Nye ferjekaier er etter fylkesrådmannen sine anslag sett til 1,08 milliard kr, i tillegg til dette kjem straumtilførsel til mange hundre mill kr. Indeksreguleres dette etter årleg ferjeinndeks og framtidige nye anbod kvart 10 år, ser alle at summen for ferjedrifta vert svært høg, milliardbeløp meir enn å bygge.

Erfaringane ved Nordmørspakken kan samanliknast med ferjene til Nordøyane pga farled 3 ferjer. Anbodet som er inngått for Nordmørspakken er 35 mill kr i årlig auke, dette blir 1, 4 milliard kr over 40 år, indeksregulert vert dette fleire milliard kr i kostnadsauke samla. Den samme utviklinga får vi garantert på Nordøyvegen.

For å bygge Nordøyvegen til 2,9 milliard kr, har vi ferjeavløysing årleg på 75 mill kr, over 40 år på 3 milliard, 680 mill kr i bompengar, 360 mill kr frå kommunane, 864 mill kr frå nedlegging av hurtigbåtene, 312 mill kr frå RDA tilskott frå kommunane, 95 mill kr frå rentekompensasjon og 15 mill kr frå IP Huse.

Hentar leiaren for Tidens Krav fram « kuleramma» vil dokke, dersom dokke vil sjå det, kjapt oppdage at det som faktisk vil kunne utfordre resten av drifta faktisk er framtidig ferjedrift, og ikkje Nordøyvegen. Berre auken i det nye anbodet på Nordmørspakken, er like høgt som alle kutta som fylkesrådmannen legg inn i budsjettet for 2019.

Det er vel ingen på Nordmøre som ikkje ynskjer det nye anbodet på Nordmørspakken med nye ferjer og utvida tilbod velkommen? 

Så er det slik at det faktisk var 8 stk som stod bak vedtaket i fylkesutvalget ang Nordøyvegen, innbefatta gruppeleiarane i Høgre, FrP, AP, SP og KrF + Iver Nordset og MdG.

Men, forsøk gjerne å ta underteikna, det lever eg godt med.

Eg lever også godt med at TK forsøker å «slenge med leppa» ang Stranda og Strandafjellet utbygginga.

Det er sikkert eit ukjent begrep for TK, at en faktisk må invester og satse for å kunne hauste avkastning.Det har vi faktisk gjort i Stranda, der utbygginga på Strandafjellet har blitt en suksess, kommunen er i dag fylkets største hyttekommune og næringslivet går så det susar, med ei årleg verdiskaping og inntekter til kommunen frå fjellet på fleire titals mill kr årleg. Kommunen gjekk med 19,8 mill kr i overskot i 2018, og dette kjem pga eit næringsliv som gjev eventyrlige skatteinntekter og einingar som driv godt.

Ja, hadde eg fått muligheita igjen, så hadde vi bygd igjen, og det høyrer med til historia at både dagens ordførar og eit stort fleirtal i kommunestyret stod bak dette.

Så slutt å kome med slikt vrøvl og sett dokke litt betre inn i saker, før dokke forsøker å «sparke meg på leggen».

Så er det slik, at dokke tydelegvis enda ikkje har fått med dokke, at dersom prinsippa til fylkesrådmannen med kravet om fleire milliard kr i ekstra usikkerheit og opphausing av utgifter samt nedskriving av ferjeavløysingsordninga , ja då ER det exit for Todalsfjordkryssinga også.

Leit fram igjen dokka « kuleramme» og forsøk å vise meg korleis dette prosjektet kan realiserast, dersom Nordøyvegsaka ryk?

Så vil eg definitivt ikkje vere i kategorien « sidrumpa nissa» og bake meg ned i negativitet og usikkerheit.

Eg og mitt parti ynskjer å utvikle både næringslivet og fylket vårt, så får vi berre leve med at TK ynskjer å forfekte det stikk motsette.


Mvh
Frank Sve
Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Anne Mari Sandshamn 4 timer siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 12 timer siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 1 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Vidar Hölm 1 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
Norges offentlige helsevesen er i full krise og det er det nettopp Arbeiderpartiet som har hovedansvaret for! Helsereformen 2002/Tore Tønne. ...
Ketil Strand Andersen 5 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse