Annonse
Møre og Romsdal Senterungdom
Ytring
Møre og Romsdal Senterungdom
18 januar 2021 20:37
Del på Facebook
Ja til fødeavdeling i Kristiansund: F.v. Amund Gunnerød Antonsen, Bjørn Vegar Tømmervåg, Dordi Boksasp Lerum, Markus Farstad Andersen og Trond Fredrik Hoddevik. Foto: Møre og Romsdal Senterungdom
Ja til fødeavdeling i Kristiansund: F.v. Amund Gunnerød Antonsen, Bjørn Vegar Tømmervåg, Dordi Boksasp Lerum, Markus Farstad Andersen og Trond Fredrik Hoddevik. Foto: Møre og Romsdal Senterungdom
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Etter at det førre veke vart kjend at fødeavdelinga i Kristiansund skal stengjast ned har det kome massive reaksjonar, og det med god grunn.

Vedtaket går utover nokon av dei mest sårbare vi har: gravide og fødande kvinner. Er barn og gravide kvinner mindre verdt i distrikts-Noreg? NEI, meiner Møre og Romsdal Senterungdom.

To ting

8. februar skal fødeavdelinga på Kristiansund sjukehus «mellombels» flyttast til Molde. Korleis har det enda det opp slik? Korleis kunne det gå så langt at fødeavdelinga no er vedteke stengt? Vi trur det handlar om to ting: ei ønska sentralisering, og ein helseføretaksmodell som ikkje fungerer.

Ei ønska sentralisering

Sentraliseringa som skjer på fleire område i landet vårt no, er ein konsekvens av snart åtte år med Høgre- og Frp-styre. Fødeavdelinga vi no ser blir nedlagt er berre éin av fleire ting. Vi ser tvangssamanslåing av kommunar og fylkeskommunar, nedlegging av lensmannskontor og domstolar, og ein så dårleg kommune- og fylkeskommuneøkonomi at ein blir tvinga til å leggje ned viktige tenester i distrikts-Noreg. Det same gjeld helseføretaket. Helse Møre og Romsdal har ikkje fått ressursar og pengar nok til å oppretthalde gode tilbod i heile fylket.

Det er ikkje altso eine og åleine Bakke og resten av helseføretaket si skuld at nedlegginga er eit faktum. Det er Solberg, Høie og resten av regjeringa som har det overordna ansvaret, og når Høie skuldar på helseføretaket er dette ei rein ansvarsfråskriving.

Nei til helseføretaksmodellen

Helseføretaksmodellen vi har i dag oppfordrar til fokus på pengeinntening framfor kva som er det beste for pasienten. Eigentleg so er heile helseføretaksmodellen eit demokratisk problem. No tek små styrer med (sett på spissen) dresskledde menn livsviktige avgjerder, heilt utan politisk forankring eller behandling. I denne saka går den faktisk direkte i mot Stortinget som vedtok at fødeavdelinga skal bestå fram til SNR står ferdig. Senterungdomen meiner sjukehusa må attende til folkevald styring.

Kombinasjonen av regjeringa si ynskja sentralisering og helseføretaksmodellen blir som ein vond sirkel – helseføretaket kan skulde på lite ressursar og pengar, medan Høie seier at det er helseføretaket sitt ansvar å ha eit forsvarleg helsetilbod. Men kven si skuld er det eigentleg at helseføretaket har lite ressursar og pengar?

Vi er framtida

Vi er ungdomane som skal bu her i framtida. Vi er ungdomane som om nokre år skal ta over. Vi er ungdomane som ynskjer god beredskap og eit trygt Møre og Romsdal fylke, ogso i tida framover.

Statsminister Erna Solberg sa i nyttårstalen sin 1. nyttårsdag 2019 at ho ynskjer seg fleire barn: «det hadde vore bra for landet vårt», sa ho. Kvifor tek ho dei nære tenestene bort frå oss då? Skal vi ikkje få ungar i distrikta? No må Solberg og Høie må ordne opp.

Vi treng god beredskap og sterke sjukehus i heile fylket og i heile landet; Ein føder ikkje saktare på Smøla eller Aure enn det ein gjere på stader der dei har fødeavdeling og sjukehus. Nordmøre treng fødeavdelinga. Nordmøre treng eit sterkt lokalsjukehus. Vedtaket helseføretaket har gjort er eit steg i feil retning.

Attende til spørsmålet innleiingsvis: er barn og gravide kvinner mindre verdt i distrikts-Noreg? Nei meiner vi. Møre og Romsdal Senterungdom seier difor JA til fødeavdeling og lokalsjukehus i Kristiansund – også etter at SNR Hjelset står ferdig.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse