Sp, Ap, SV, MDG og Rødt i eit eventuelt raud/grønt fleirtal vil alle auke skatter og avgifter betydeleg frå dagens nivå, og med ei klimamelding som betyr bensin og dieselprisar på over 25 kr literen.
Korleis nokon kan la seg begeistre over Sp som skal styre ilag med denne avgiftskåte gjengen i Ap, SV, MDG og Rødt er for meg ei gåte, og eg reknar med at også bøndene våkner opp etterkvart når dieselprisen fyker opp i 24–25 kr literen»
Ap ynskjer skattene auka monaleg med fleire titals milliard kr, Sp også aukar både formuesskatten og skatt/avgifter med fleire milliard kr, og vil bli tvinga i kne av resten av dei raud/grøne partia til ytterlegare skatteskjerpelsar.
Dette er dramatisk for landets største eksportfylke Møre og Romsdal, der vårt næringsliv både fiskarar, maritim næring og landbasert industri i heile fylket er avhengige av forutsigbare og gode rammevilkår, auka drivstoffprisar, auka skattar og avgifter er ein gedigen trussel mot arbeidsplassane til vanlige folk!
FrP er garantisten mot sosialistane sine skatte og avgiftsaukar og angrepet på vanlige folks arbeidsplassar.
FrP krev lavere drivstoffprisar og kutt i alle formar for skattar og avgifter som i sum fører til betre lønnsomhet i næringslivet og fleire arbeidsplassar til vanlige folk.
No er det vanlige folks tur, til lavere drivstoffprisar og kutt i skattar og avgifter som vil skape fleire arbeidsplassar her i fylket.