Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, Møreaksen forsvinner ut av horisonten.
Dette her er fakta, sjølv om enkelte «sjølvoppnevnte samferdselsprofessorar i Møreaksen-klanen» har ei anna oppfatning av realitetane.
Dette står i årets framlegg til Statsbudsjett og er prosjekt til fleire titals milliard kr landet rund, som er dei høgst prioriterte prosjekta.
Prop. 1 S (2022–2023)
I statsbudsjettet for 2022 blei det sett av midlar til førebuande arbeid for sikre at fleire prosjekt i Nasjonal transportplan 2022–2033 kunne bli klare for anleggsstart. Dette gjaldt:
- E6 Megården–Mørsvikbotn i Nordland
- E16 Hylland–Slæen i Vestland
- Fellesprosjektet Vossebana/E16 Arna–Stanghelle i Vestland
- E134 Røldal–Seljestad i Vestland
- E134 Saggrenda–Elgsjø i Viken
- E134 Oslofjordforbindelsen, fase to i Viken.Med regjeringas budsjettforslag ligg det ikkje an til at nokre av desse vil bli starta opp i 2023. Det er heller ikkje sett av midlar til førebuande arbeid. Vidare framdrift i prosjekta vil bli vurdert fram mot statsbudsjettet for 2024.
(Kilde: Regjeringen)
Etter desse prosjekta kjem mengder med andre større vegprosjekt landet over, som også er i posisjon vesentleg tidligare enn Møreaksen kunne ha vore.
Så får folk flest gjere seg sjølv opp ei meining om kva som er rett, det som står i statsbudsjett og er bønhørlig omtalt i det meste av landets aviser og som eg viser til, eller febrilske enkeltpersonar i Møreaksen klanen, som med sine simple personangrep brukt som siste skanse.