Berre det siste året har fire nye dødsulykker ramma områder Fv61–E39 Veibust–Blindheim–Moa, men pengane til veg sløsast vekk på Møreaksen.
Med heile 118 dødsulykker i 2022 på norske vegar, blir trafikktrygging svært viktig å sette eit sterkt fokus på framover.
Vi kan ikkje fortsette å bruke pengane på vanvittige prosjekt som folket ikkje vil ha, samtidig som fylkets mest trafikkerte vegområde med 20–30.000 bilar i døgne ikkje blir prioritert.
Fv61 i Sula samt vidare på E39 Veibust, Blindheim –Moa er ikkje prioritert, noko som dei fleste ikkje fattar.
Istaden har ein prestert å bruke 100 mill kr til planlegging av Møreaksen i 2022, ei fjordkryssing der det er 2300 bilar i døgnet og sjølvsagt aldri har vore ei ulykke.
Folket i Møre og Romsdal vil ikkje ha Møreaksen, men eit stort fleirtal vil ha fortsatt ferjer. Dette er det raskaste og billigaste alternativet over fjorden og definitiv det mest miljøvennlige. Vi har svært god tid til å planlegge ei fjordkryssing over Romsdalsfjorden med flytebru og Romsdalsaksen.
Fram til Romsdalsaksen kan bli realiser inn i framtida, lever ein svært godt med ferjer. Dette er også betydeleg billigare for alle, kven vil ha råda til 4–500 kr per dag for å krysse på Møreaksen tur-retur?
Det er vanvittig at 100 mill kr i planleggingsmidlar i 2022 blir sløsa vekk når desse pengane sårt er nødvendige på planlegging av E136 frå Ålesund–Bjorli, samt E39 Veibust–Blindheim–Moa.
No har regjeringa kutta planleggingsrammane i statsbudsjettet med heile 30 prosent, og Vegdirektoratet viser til at aktiviteten kjem til å bli betydelig kutta innan planlegging av veg.
Då må ein jammen også bruke desse midlane fornuftig, stoppe bruken av kvar ei kr på Møreaksen og bruke kvar ei kr tilgjengeleg til planlegging på viktig trafikktrygging og næringsvegar.
Å bære høy til ein døyande hest, er på same viset som å sløse vekk hundrevis av million kr til planlegging av Møreaksen, som er sjanselaus til å kunne bli realisert i praksis.