Vedum og Støre i praksis, har ført til skyhøge drivstoff-, straum- og matvarepriser, auka skatter, avgifter, formuesskatt, grunnrenteskatt, og høge renter, som samla har ført til krise i kommuneøkonomien.
Når media som sjølvsagt ikkje akkurat har flust av sympatisører for verken FrP eller Høgre, slår rundt seg med skandaleoppslag om kommunane og fylkesøkonomien, gløymer dei galant av å synleggjere «elefanten i rommet» og kva den egentlige grunnen for krisa faktisk er.
Det er snart samtlige fylker og kommuner som er i total økonomisk oppløysing, med bakgrunn i at regjeringa ikkje evnar å sjå den reelle alvorlige situasjonen for kommunane og næringslivet.
Raudingane forsøker å stikke haudet i sanden, og her i fylket peikar dei lett på eit borgarleg fleirtal med FrP i spissen som liksom skal rydde opp i éi branntomta etter ei hjelpeslaus regjering med Støre og Vedum og co, og 12 år med Ap styre her i fylket.
Svært mange kommunar her i fylket er på full fart inn i ROBEK, og fylka er ikke langt bak.
Det som trengs no er eit krafttak av det norske folket, som neste år i Stortingsvalet må geleide Ap og Sp snarast råd ut av regjeringskontora før både næringslivet og kommunene går konkurs, alle ihop.
Det er egentlig litt spesielt å være vitner til, når dei raud/grøne partia med ivrige suflørar frå ei sosialistisk presse forsøker å sette halen på økonomiproblema her i fylket på dei borgarlege partia, vel vitande om at dei håpar i det lengste at folk flest og næringslivet skal gløyme kven som egentlig har ansvaret for den økonomiske krisa i kommunesektoren, og i næringslivet.
Statsbudsjettet er lagt fram, men det ser slett ikkje ut til at dette vil hjelpe i stor nok grad for å sikre kommuneøkonomien.
Så får den verkelege krise og ryddejobben starte til neste haust, der ei ny borgarleg regjering med eit sterkt FrP må rydde opp i branntomta etter Vedum og Støre.