Arbeidet med ferjefri E-39, har pågått med planlegging i fleire år her i fylket.
I Møre og Romsdal har vi tre fjordkryssingsprosjekt på E-39, Halsafjordkryssinga, Hafast og kryssing av Romsdalsfjorden.
Både på Hafast og Halsafjordkryssinga er ulike miljømessige brualternativ lagt til grunn, derimot fortsetter Møreaksen med sin gigant undersjøiske tunell på 16 km og 400 m under fjorden.
Ang kryssing av Romsdalsfjorden ynskjer FrP å få utreda flytebruer både på Møreaksen og utreda Romsdalsaksen.
Dagens regjering har klart og tydeleg slått fast i regjeringserklæringa, at samferdselsutbygginga her i landet, skal byggjast
«smartare, billigare, tryggare og med ny miljøteknologi»
Det er liten tvil om at fjordkryssingsprosjekt i framtida, må gjennomførast med ny miljøteknologi som kan måle seg opp mot fortsatt ferjer med null og lågutslippsfartøy.
Djupe undersjøiske tunellar er såleis rimeleg sikkert noko som høyrer fortida til, og vil ikkje stette dagens og framtidas miljøkrav.
Vegdirektoratet har også sett igang ei ny utgreiing ang kost nytte for ulike fjordkryssingsprosjekt, kontra fortsatt ferje med null og lågutslippsfartøy samt høgare frekvens.
Halsafjordkryssinga er etter midt skjønn eit svært godt prosjekt som eigen pilot for ny, smart, trygg, og miljømessig bruteknologi.
Prosjektet er svært viktig for vårt fylke, som hovudstamvegen ut av fylket mot Trøndelag.
Prosjektet bør snarast råd hekte seg på arbeidet som skjer i STVV i samband med prosjektet for kryssing av Bjørnafjorden i Nye Vestland fylke.
Kryssinga av Bjørnafjorden skal skje med ei over 5 km lang flytebru, firefelts, med skipspasasje, som er anslått vesentlig rimeligste enn andre alternativ.
Halsafjordkryssinga er eit innovativt prosjekt, der både ny og framtidsretta teknologi kan skapast for framtida.
FrP vil fylgje opp dette prosjektet opp mot vår regjering, og forsøke å kunne bidra til at prosjektet kan gjennomførast som nasjonal bru pilot.