SP vil ha gratis ferjer, men vil loppe innbyggjarane i Møre og Romsdal for milliardar av kroner i bompengar i Ålesund, Molde og Kristiansund.
Dei vil kutte nokre hunder million kr i ferjedrift, men istaden altså loppe innbyggjarane her i fylket for fleire milliard kr i bompengar.
« dette er å gje med den eine handa, og krevje inn det mangedobbelte med den andre i skattar og avgifter som bompengar faktisk er»
Senterpartiet i regjering tvinga Møre og Romsdal fylke til å ta over riksvegane og riksvegferjene her i fylket, som danna grunnlaget for at Møre og Romsdal har eit vedlikeholdsetterslep på ca 6 milliard kr.
Alt då mangla fylket fleire hundre million kroner til ferjedrifta, med bakgrunn i at Senterpartiet ved Liv Signe Navarsete leverte over «katta i sekken» til fylket.
Dagens regjering etter sterkt påtrykk av FrP med samferdselsministeren, har auka vegløyvingane og løyvingane til ferjedrift, frå 33 milliard kr siste året i regjering med SP, til over 75 milliard kr i året no.
«Alle bør huske såpass, at vi veit kva SP står for i regjering, auka skattar og avgifter, auka bompengar, og mindre satsing på samferdsel»
FrP ynskjer å fjerne bypakkane og bompengar her i fylket, og vil meir enn gjerne ilag med SP arbeide for å kutte ned ferjekostnadane og gjerne gratis ferjer.
Men, SP må huske på ordtaket,
« Kua huska ikkje at ho var kalv»
Og faktisk snart begynne å innrømme at det meste innan samferdsel var vesentlig dårligare og dyrare med deira eigen statsråd sist dei var i regjering.
I dag har SP i opposisjon meir pengar til alt, skyte alle rovdyr vil dei, sjølv om det var SP som stod i spissen for dagens rovdyrforlik.
At Kristin Sørheim og SP her i Møre og Romsdal ynskjer av all si kraft å byggje bypakkar med milliardvis av kr i bompengar, har vi no fått grundig bevist.
Alle som er sterkt imot bompengar og bypakkane i Ålesund, Molde og Kristiansund, veit at det er kun eit parti her i fylket som arbeidar for dette, og det er vi i FrP.
Valgkampen er i gang, men det kan vere lurt å sjekke kva dagens opposisjon ved AP, SP og SV, faktisk sjølv har levert når dei var i posisjon.
Politikarane bør målast etter kva dei gjer og har gjort, og ikkje kva dei seier i opposisjon!
SP vil ha milliardvis av kr i bompengar her i fylket
- Detaljer
Bli den første til å kommentere.
Likte du denne artikkelen?
Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!
Vipps valgfritt beløp til 614043.
Tusen takk!
Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.
Populære emner
Innlogging
Siste meningsinnlegg
Siste artikler
Siste kommentarer
Mest lest (siste fire dager)
Mest lest (siste 30 dager)
Våre utvalgte
historiker og forfatter
PhD.
leder Rødt Kristiansund