Det er berre tull, seier Ap ordføraren Eva Vinje Aurdal i Ålesund, om protestane og kampen mot vindmøller på Haramsfjellet.
Det er rett og slett pinleg og faktisk tenderer det mot forsøk på politisk svindel, det vi har opplevd av Ap og spesielt fylkesordførar Torve i dei siste vekene.
Vi veit alle kva ordføraren i Ålesund, fylkesordførar Torve, og Ap her i fylket har bedrevet med den siste tida – arbeidd aktivt inn mot sine to Stortingsrepresentantar Bjørdal og Botn, for at Ap skulle stemme imot framlegget frå FrP med krav om STOPP av vindmølleutbygginga på Haramsfjellet.
Dette medførte at Ap med Støre i spissen sikra fleirtalet ilag med regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre, slik at saka vert skubba ut i tid til etter utbygginga sikkert er ferdig og Haramsfjellet rasert!
Samtidig har Torve og Aurdal og andre i Ap forsøkt å dobbeltkommunisere i eit forsøk på å «lure» innbyggjarane til å tru at dei var imot utbygginga på Haramsfjellet.
Dette tenderer til politisk svindel, forsøke å lure sine innbyggjarar til å tru at dei arbeidar for Stopp av vindkraftutbygginga på Haramsfjellet, når realiteten er det rake motsatte - skam dokke Møre og Romsdal Ap, Aurdal og Torve, lureri i politikken kler dokke slett ikkje.
Enda verre blir det at vår neste fylkesmann i Møre og Romsdal, Else May Botn som no set på Stortinget for Ap, oppfører seg slik mot innbyggjarane her i fylket.
Dette er innbyggjarane som ho faktisk skal tjene i år framover, som ho rett og slett ikkje lyttar til.
Dette her er berre aldeles greinalaust!