Vi husker alle tidligare tomme valgløfter frå Ap, om at det skulle skinne av eldreomsorga og dei skulle fylle alle svømmebasseng med vatn her i landet.
Etter valget vart desse tomme løfta gløymde.
Her i fylket skulle Ap satse på ferjedrift og vidaregåande skular, fasiten etter valget vart nedlagt skule, kraftige kutt og ferjeprisane til himmels.
No er det Ap sin Fylkesvaraordfører her i fylket som «lovar» halvering av ferjeprisane, som brått har fått «to torpedoar midtskips» ifrå eige parti.
No har det brått blitt til «arbeide for» som det no står frå programmutkastet:
Eg har tidligare vore tydelig på at Ap seiler med «sjørøverflagget» og ikkje på nokon måte er å stole på.
Her i Møre og Romsdal køyrer dei ferjeprisane til himmels, samtidig som Ap og fylkesvaraordfører med hjelp av Sp stemmer ned alle reelle forslag om å redusere ferjeprisane.
FrP og eg kjem i kvart fylkesting framover til å fremme framlegg om reelle kutt i ferjeprisane.
Det er fylkestinget som har ansvaret, og då hjelper det fint lite å skulde på alle andre.
FrP har ilag med regjeringa sørga for tidenes økonomi i fylkeskommunane, og vi skal tvinge Ap og Sp som styrer fylka til å faktisk bruke pengane på ferjedrift, vidaregåande skular og busstilbudet.
Valget til hausten er eit verdivalg der FrP vil bruke fylket sine pengar på vidaregåande skular, ferjedrift, samferdsel og busstilbud, og hindre Ap og raudingane i å sløse vekk pengane på områder fylket ikkje har ansvaret for.