Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Nei til vindkraftverk på Haramsøya
Ytring
09 april 2021 11:01
Del på Facebook
Haramsøya. Foto: Kenneth Flem Slyngstad
Haramsøya. Foto: Kenneth Flem Slyngstad
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nei til vindkraftverk på Haramsøy er glade for at Ålesund kommune har bedt OED om å få på plass ei helsekonsekvensutgreiing i samband med utbygging av vindkraftverk på Haramsøy. Lege og lokalbefolkning har sendt fleire bekymringsmeldingar til kommunen, og det er bra kommunen som folkehelsemyndigheit endeleg  har teke tak i dette. 

Ei helsekonsekvensutgreiing (HKU) skulle ha vore på plass for fleire år sidan og har vore etterlyst av fleire i høyringsprosessane. Det er kommunen si rolle å sjå til at det vert gjort heilheitlege vurderinger av folkehelse i alle store utbyggingssaker som berører folk sine eigedomar og liv. Ei slik utgreiing vil kunne gi eit viktig kunnskapsgrunnlag for at kommunen seinare kan gå inn å regulere verksemda i tilfelle det syner at det må regulerast og anlegget må søke om utsleppsløyve. Det ligg klage på bordet til OED som omhandlar mellom anna støy. Over 30  hus står i fare for å få støy over grensene sett i konsesjonen dersom ein tek høgde for lokale forhold og legg til usikkerheit blant anna grunna stor fare for turbulens. Vindkraftverket er lokalisert midt eit LNF-område, som er eit viktig rekreasjonsområde og i helsekonsekvensutgreinga må konsekvensen av dette også utgreiast. 

Vi forventar at kommunen følgjer opp denne saka og kvalitetssikrer  at NVE sørger for at det er  uavhengige kompetente personar som vert hyra inn til å gjere sjølve utgreiinga slik forskrifta legg opp til. Vi minner om at dersom OED og NVE avviser kravet om ei HKU, kan kommunen sjølv gjere vedtak etter folkehelselova om at ei slik utgreiing skal gjerast, og at utbygger finansierer denne. Vi viser til folkehelselova og veileder i miljøretta helsevern, del D Myndigheter og virksomheter. 8.3)  Veileder miljøretta helsevern Det er eit krav om forholdsmessigheit, men kva vil betydninga være om 33 hus står i fare for å få støyplager over grensa satt i konsesjonen, eigedomar fell i verdi og lokalsamfunnet får ei negativ folketalsutvikling som gjer at nedbetalinga av Nordøyvegen ikkje går som tenkt ?    

Vi meiner det er viktig å ikkje privatisere dei negative følgene som er varsla kommunen, og gjere dette til ein personleg konflikt. Like eller ikkje like vindturbinar. Dette er først og fremst ein opprivande konflikt mellom styresmaktene og dei mange berørte, slik Haram Kommune presist påpeika i sin klage hausten 2019. Dei som ikkje er gjort i stand til å ivareta sine interesser i rett tid i prosessen har reagert sterkt på det å ha vorte ført bak lyset. Vi meiner det  er avdekt ein praksis hjå NVE med alvorlege brot på forvaltningslova og energilova i denne saka, slik Haram kommune påpeika i 2019, og at det er dette som så har fått store konsekvensar for relasjonar og sosiale tilhøve på øyane. Det er ein grunn til at tidleg involvering av alle berørte parter og opne prosessar er understreka som eit viktig  tema i grunnlova §112, og gjennom landskapsvernkonvensjonen. Grunnlova sin § 112 slår fast at alle har rett til et miljø som sikrer helsa. Landskapsvernkonvensjonen skal  styrke enkeltmenneske og lokalsamfunns medvirkning i arbeid med planlegging, vern og forvaltning av landskap. Ålesund kommune har FNs berekraftmål som ei leiestjerne for sine overordna prioriterte mål i  kommuneplanen. 

Når berre dei som  tener pengar på utbygginga vert varsla om vedtak og klagefristar,  vil det vere ein naturleg reaksjon hjå dei som ikkje har blitt involvert, at ein kjenner det som eit svik at kommunen, NVE og “naboen” ikkje har opplyst  om søknader og vedtak. Det handlar om å ta på alvor at ei slik utbygging på ein så liten stad, berører alle og verdiane til dei som har satsa liv og investeringer i eit lokalsamfunn. Konsekvensutgreiinga frå 2004 konkluderte med stor negativ konsekvens for landskap, særleg for Ulla , Flem og Longva. Dette har ein direkte innverknad på trivsel og attraktivitet og dermed på potensialet dette lokalsamfunnet har for å tiltrekke seg kompetanse og arbeidskraft i nøkkelfunksjonar i framtida. 

Kva har så dette med ei helsekonsekvensutgreiing å gjere? Jau, det er er nettopp desse mange forholda som indirekte verkar på helsa til folk som vert kartlagt i ei slik utgreiing. Det har ingenting med det å vere for eller imot vindkraft å gjere, men det er eit verkty for kartlegging og dermed eit grunnlag for vidare arbeid med helsespørsmåla knytt til saka. Involvering av kommuneoverlege i forhold til å spesifisere innhold av HKU og oppfølgning av saka videre er sentralt. Det er viktig at kommunen stiller krav til relevant kompetanse innen miljø og/eller yrkeshygiene, akustikk, samfunnsmedisin og/eller yrkesmedisin, at dette blir gjort av uavhengig instans og at det er en tidsfrist for helsekonsekvensutgreiinga. Tysvær kommune har nyleg fremma pålegg om helsekonsekvensutredning for Gismarvik Vindkraftverk, her er fristen sett til 31. august. Det er utbyggar som har utredningsplikt og skal bere kostnader ved utredning som er vanlig for alle industriverksemder, og dette vil ikkje vere ei økonomisk belastning for nye Ålesund kommune. 

Ålesund kommune ved Formannskapet har 16. mars gjort følgende vedtak; Ålesund Kommune er bekymret for helsekonsekvensene til innbyggerne på Nordøyane og mener at saka er ikke tilstrekkelig utgreidd. Ålesund kommune ber departementet pålegge NVE/utbygger om å legge frem en konsekvensutredning om folkehelse. 

Utbygger skal koste utredning i planprosessen som trengs for å kartlegge skadevirkninger for samfunnet, dette gjelder for vindindustrianlegg som alle andre industriverksemder. Miljøretta helsevern er ein del av folkehelsearbeidet, og kommunen sine virkemidlar er regulert i Folkehelselova § 3. Ei helsekonsekvensutredning er svært viktig i den videre oppfølgninga av denne saka. 


Med venleg helsing, 
Nei til Vindkraftverk på Haramsøy 

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til #614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøTallmaterialet viser enkelt og greitt, kaste gode kroner etter dårlige.Du kan også ta med Senterpartiet i denne form for unnamanøver. ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Geir Ole SætremyrFor det første: Siden investeringsmidler er den knappe faktoren, må en ta hensyn til både netto samfunnsnytte og investeringskostnadene, dvs. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøVi kan godt bruke samfunnsnytte pr investert kron, men bare i kombinasjon med samfunnsnytte i kroner. Det er trass alt ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Geir Ole SætremyrNår investeringsmidler er den knappe faktoren, så må en foreta rangering pr. knapp faktor. Eksempelvis netto samfunnsnytte pr. investert krone. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøEg veit ikkje kva gjenståande spørsmål du ikkje har fått svar på.Dersom det gjel sparte CO2 utslepp frå ferga til ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøKva er feil I mi analyse?Eg har dokumentert det KS2 rapporten sei om namfunnsnytten er i kroner. KS2 snakkar ikkje ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse