Ap og Sp og spesielt Kjølmoen skryter av gratis ferjer til øysamfunn, og kutt i ferjeprisane. Men, kva er vitsen med det når ferja ikkje går?
Sp sin Kristin Sørheim sa det rimeleg treffande i RB:
«Ingen ting av det regjeringspartiene lovet da de var i opposisjon, er innfridd når det gjelder samferdsel. Vi får ikke penger til å vedlikeholde fylkesvegene, og ferjedrifta er fortsatt underfinansiert. Det fører til at vi må kutte i vedlikeholdet av vegene og kutte i ferjetilbudet, sier fylkespolitiker Kristin Sørheim (Sp).»
Kunne ikkje fått sagt det betre sjølv, og viser Sp og Ap i praksis.
Dei skyhøge drivstoffprisane og andre kostnadsdrivarar som regjeringa ikkje har løfta ein finger for, gjer at fylket må kutte brutalt i budsjettet.
Dette betyr kutt i ferjetilbudet som også rammar dei sambanda som har blitt gratis.
Fylket må innan samferdsel kutte fleire hundre mill. kr, og dette vil merkast i ferjefylket.
Kvar er «ferjepolitisk wonderboy» blitt av?, har nokon sett Kjølmoen?
Nei, sjølvsagt ikkje. Ap er ikkje interessert i konsekvensen av sin eigen politikk, som faktisk fører til dårligare ferjetilbud på fylkesvegferjene i heile fylket.
FrP har fremma mange framlegg på å kutte drivstoffavgifta, noko som hadde spart fylket for enorme summar. Dette hadde ført til at ferjedrifta kunne haldast på dagens nivå, og kutt i drifta kunne vore unngått.
Men neida, Ap og Sp stemmer dette ned, og lar transportsektoren berre forvitre.
Greinalaust er det berre å seie om heile Sp og Ap i regjering, no er det vanlige folks tur til å få tømt lommeboka pga. svindyr straum, drivstoff, mat, og renta fyk til himmels.
Les også
Fergefylket uten kaptein
Les også
Fergefloppen fra Ap og Sp
Les også
Kan bli omfattende kutt i fergetilbudet
Les også
Ferjepolitisk «Wonderboy», kvar e du?