Annonse
Jenny Klinge
Ytring
Jenny Klinge
30 mars 2017 19:08
Del på Facebook
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Jenny Klinge, Senterpartiet. (Foto: Senterpartiet)Jenny Klinge, Senterpartiet. (Foto: Senterpartiet)8. mars skulda justisminister Per-Willy Amundsen meg for å fara med løgn og snakke mot betre vitande då eg kritiserte prosessane i politireforma, der 126 av lensmannskontora i landet skal leggjast ned. Eg meiner det er oppsiktsvekkjande at justisministeren framleis ikkje har lært seg å lytte til åtvaringane rundt politireforma.

Eg kan forsikre justisministeren om at det ikkje er noko usant i min kritikk, og at eg er oppriktig bekymra for prosessane i politireforma. Eg fryktar at kommunane har særs liten reell sjanse for å nå gjennom med sine klagar, om dei har aldri så gode argument for å behalde sine lensmannskontor.

Det eine er at klageordninga for kommunane i seg sjølv er dårleg. Ho er lagt opp slik at det først og fremst er prosessen kommunane kan klage på, ikkje innhaldet. Eg kritiserte også klageprosessen fordi den ikkje godt nok fangar opp dei tilfella der kommunane har blitt overkøyrte i første omgang. Reforma har vore prega av hastverk. Vi ser at problema forplantar seg til seinare ledd i prosessen, og no er vi altså i klagerunden.

Fleire kommunar har sendt sine klagar i god tid før klagefristen 10. mars, og Politidirektoratet avgjorde allereie før fristen var ute at dei ikkje ville ta enkelte av klagane til følgje. Eg meiner at dette er eit problem fordi klagene i eit politidistrikt må sjåast i samanheng. Det er jo klart at ein kommune vil ha ei betre sak om dei klagar på at prosessen ikkje har vore god nok i deira politidistrikt, dersom også andre kommunar i same distrikt kan skrive under på at dette er riktig. Kommunane har fått høve til å uttale seg, men fristen har vore så kort at fleire ikkje har hatt tid til å behandle dette politisk, og dei har derfor ikkje fått sendt uttale. Det er ikkje tatt tilstrekkeleg omsyn til at lokale prosessar i kommunestyra tek tid.

Eg er – som fleire ordførarar og lokalpolitikarar – frustrert over hastverksarbeidet i reforma, som gjer det reelt sett vanskeleg eller umogleg for kommunane å medverke i prosessen, til tross for at stortingsfleirtalet lova at dei skulle få gjera dette.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 3 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse