Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Vinger og tårndeler til vindmøller står klare på havna i Florø til transport opp til Guleslettene vindpark. Foto: Tore Meek / NTB
Vinger og tårndeler til vindmøller står klare på havna i Florø til transport opp til Guleslettene vindpark. Foto: Tore Meek / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svar til Rødt sitt innlegg «Miljøpartiet SV – en saga blott» publisert 29. april.

Av Birgit Oline Kjerstad, 1. kandidat Møre og Romsdal SV

Dei store utfordringane i vår tid er klimagassutslepp, tap av biologisk mangfald og arealendring.

Eg er glad for at SV har snudd frå å vere eit parti som ivra for mykje meir vindkraft til å gå imot storstilte utbyggingar på land og i kystnære havområder. Skal ein seie noko om SV så må det difor vere at miljøprofilen til paritet har blitt styrka, med tanke på å ta større omsyn til naturareala i Norge.

Raudt tek feil når dei påstår at Haram Kraft med sine 36 MW ville fått konsesjon om SV sin nyleg vedtekne politikk hadde vore gjeldande i 2009. Haram Kraft er definert som eit storskala anlegg etter kriteria som SV la til grunn for småskala vindkrafterk under landsmøtet, 10 MW og maksimum høgde på 110 M. Miljøpåverknad vil vere avhengig av plassering. Så nært bustader, og med fuglefredingsområder på tre kanter, hadde kriteria for å tildele konsesjon ikkje vore oppfylt i dag.

SV ville ikkje vedta eit forbud mot ein teknologi, men vurdere frå sak til sak å godkjenne mindre anlegg i allereie industrialiserte områder. Vi vil med andre ord sette strenge miljøkrav og krav om lokal forankring for utbygginga av vindkraft. Eit godt døme på eit slikt mindre anlegg er vindkraftverket Harøya. Der det står fem små vindtrubiner, som det aldri har vore særleg strid om. Anlegget vart bygd på grunn av eit lokalt straumbehov.

Framover vil det kome mange store diskusjonar og politiske dilemma på bordet som vil omhandle energi, miljø og kampen om areala på land og hav. Eg deler Raudt si uro over at politikarar med gode intensjonar kan kome til å gå inn for store utbyggingar utan at fylgjene er tilstrekkeleg utgreidd på førehand.

NINA sin rapport om karbonbinding i jord frå 2019 synte at om det var CO2-utsleppa som var poenget så var det bedre å la naturen i fred. Dei grunne havområda er har viktige og sårbare økosystem som vi må ta godt vare på, det er vår regnskog. Eg har vorte skremt av ein tvilsam lovpraksis der det blir slurva med å kunnskapsgrunnlag og utgreiingar.

Slik eg ser det treng Raudt å alliere seg med SV og alle gode krefter til felles sak om vi skal oppnå politiske resultat i kampen mot miljø-øydeleggande vindkraft.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 2 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Terje SundsbøEg forstår godt kva som skjer og har skjedd.Møreaksen vart handsama som ei strekning heile tida, men vart framdriftsmessig splitta ...
Terje Sundsbø 4 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Frode HeimenMeget bra forklart. Den som ikke skjønner dette, fordtår rett og slett ikke sammenhengen. I alle fall hvis de fortsatt ...
Terje Sundsbø 4 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Geir Ole SætremyrDu skjønner åpenbart ikke hva du selv skriver. Du har helt rett i at Møreaksen er strekningen Ålesund-Molde. På samme ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Terje Sundsbø""Mener du at motstanden mot Møreaksen skyldes at Stortinget ikke følger opp prosjektene i NTP? Om man kjemper mot bevilgninger ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Geir Ole SætremyrMotstanden mot Møreaksen spriker i alle retninger. Frp og SV har totalt ulike grunner, og har ingen felles plattform for ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Terje SundsbøHusk at inngangen var fergefri E39, oppfatta som ein skulle slippe ferge over Romsdalsjorden, og andre fergestrekningar frå Kristiansand til ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse