… og, fiskeri og landbruksnæringa er også ille ute.
Situasjonen innan transport-, bygg- og anleggsbransjen er dramatisk, og bedrifter innan desse områda kan no gå konkurs.
Andre viktige næringsområder i fylket er også under stort press, og det er også dramatisk for både fiskeri og landbruksnæringa. Alt dette på grunn av skyhøge drivstoffprisar og den generelle høge prisveksten.
Regjeringa ved finansminister Vedum løfter ikkje ein finger, og har ikkje tenkt å bry seg om næringslivet i den kritiske situasjonen.
Staten og regjeringa tek no inn mange hundre milliard kr ekstra til statskassa med bakgrunn i rekordhøge olje, gass og straumprisar. Rekninga sender Vedum til folk flest og næringslivet.
Næringslivet får ikkje ei kr i kompensasjon for høge straumprisar eller for skyhøge drivstoffprisar frå regjeringa. Det kan faktisk sjå ut til at Vedum og co har totalt gløymt næringslivet. Har regjeringa og Vedum tenkt å knekke næringslivet, fiskeri og landbruksnæringa?
FrP aksepterer ikkje dette, og har fremma mange framlegg på kutt i straumprisane i form av makspris 50 øre KWh og kutt med 7–8 kr literen i drivstoffavgifter. Dette er tiltak som skal hjelpe alle, også inkludert næringslivet.
Eg ber næringslivet i Møre og Romsdal samle seg ilag med fiskeri og landbruksnæringa, og verkeleg utfordre finansminister Vedum. Utfordre han til å snart handle samt reagere, og kome med kraftfulle reelle tiltak for næringslivet.