Når Sørheim forsøker å forsvare Sp og tidenes skatte og avgiftsbonanza av regjeringa, er dette slett ikkje verken truverdig eller seriøst.
Norge går med svimlende overskot i Statsbudsjettet med meir enn 1000 milliard kr sist år, og prognosene for 2023 er enda høgare.
Sp og Ap flår næringslivet med tidenes skatteran av både bedrifter og vanlige folk med over 50 milliard kr, samt innføring av skyhøge formuesskatter på arbeidende kapital og grunnrenteskatt som fører til ar vanlige folk mistet jobbane sine.
At Sp og Sørheim har mista all bakkekontakt med vanlige folk og næringslivet er rett og slett trist.
Eg trudde faktisk Sørheim forstod at det ikkje er offentlig sektor og andre sterkt subsidierte næringar som skapar verdiane her i landet.
Møre og Romsdal som eit av landets sterkaste næringsfylke, er situasjonen svært alvorleg med skyhøge skattar, skyhøg straum og drivstoffprisar og ein ufattelig formue og grunnrenteskatt. Dette samla er med på å knekke næringslivet.
Eg oppmodar Sp og Sørheim til kome seg ut av «skatte og avgiftståka» og snart begynne å forstå at verdiane må skapast før midlar kan fordelast til velferd.
Sp har gått frå å vere eit konservativt parti, til å bli eit blodraudt sosialistisk parti på linje med SV. Her i fylket er Sp muligens enda lenger mot den sosialistiske sida.
Men, lukke til Sørheim og co, når til og med din eigen toppkandidat her i fylket fornekter sin eigen partileiar og finansminister og skuldar på Ap for alle skattane og avgiftene, er dette iverfall null truverdig.
FrP og Høgre er klar til å geleide Sp og Ap ut av fylkeshuset, og klare til å føre ein ansvarleg næringspolitikk her i fylket på næringslivet sine premisser.
Det er no sterkt behov for å rydde opp her i fylket etter eit skattekåt Sp og Ap, og innføre ein politikk som skaper verdiar og ikkje berre forbrukar slik Sp bedriver.
Les også
Lakseskatt og solidaritet