Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Når til og med innbyggjarane i Molde ikkje vil ha Møreaksen, men heller fortsatt ferjer, så må snart Sp, AP og Høgre her i fylket lytte til innbyggjarane, men det er vel så innsausa i desse partia at dei ikkje maktar å verken tenke fornuftig eller har evne til å lytte til folket!

I ei ny måling for Molde kommune ang Møreaksen, er det åpenbart at Møreaksen blir skrinlagt ein gong for alle.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Folket i Molde kommune vil heller ikkje ha den vanvittige Møreaksen, og vil heller ha fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.

Når folket i heile Møre og Romsdal også i Molde, overhode ikkje vil ha dette skandaleprosjektet 3-400 m under Romsdalsfjorden, då er det jammen på tide at Samferdselsministeren og Statens vegvesen lyttar til dette.

Prislappen for fjordkryssing og veg på Moldesida er nå på svimlande 26 milliard kr, og med bompengar over 500kr tur/retur.
Skulle heile Møreaksen byggjast frå Ålesund til Molde så snakkar vi i dagens prisar om godt over 40 milliard kr med prisaukane vi opplever, vil raskt berre kryssing av Romsdalsfjorden og veg på Moldesida ligge mellom 30-40 milliard kr.

E136 Ålesund–Bjorli, E39 Veibust–Moa, rv. 70, ny innfartsveg til Kristiansund uten bompeng, ny rv. 15 Strynefjellet, Voldatunellen , E39 forbi Batnfjorden, ny E39 frå Ørsta–Festøy, er viktige vegprosjekt som har blitt «torpedert» pga. galskapens prosjekt Møreaksen.

For ikkje å snakke om vedlikehold og utbetring av fylkesvegnettet her i fylket, som har vegvedlikeholdsetterslep på heile 18 milliard kr.

Annonse
Annonse

No er det på tide å ta makta over samferdselsprioriteringane tilbake til folket her i fylket.

Valget i haust skal velge nytt fylkesting, og eit nytt fleirtal i fylkestinget med eit sterkt FrP kan stoppe Møreaksen. Like viktig vert Stortingsvalget om to år, der slike sløseriprosjekt skal stoppast uansett når FrP på nytt kjem i regjering.

Eg har stått i stormen imot denne Møreaksenklanen» og blitt æreskjelt på det groveste av denne gjengen der. Berre å ta ein titt inn på Facebook sida der, så forstår sikkert dei fleste kva eg snakkar om.

«Møreaksenklanen» har tapt, likeså Sp, Ap og spesielt Høgre her i fylket som har folket imot seg i denne saka.

FrP har vore det klokkeklare partiet imot Møreaksen og sløseriet av skattebetalarane sine pengar.

Eg skal garantere at både eg og FrP ikkje gjev opp kampen før heile navnet Møreaksen er sletta og stappa langt nedi ei søppelkasse, og at Statens vegvesen blir instruert til å stoppe pengesløseriet på prosjektet folket i heile Møre og Romsdal, IKKJE vil ha!

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til #614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 23 timer siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøTallmaterialet viser enkelt og greitt, kaste gode kroner etter dårlige.Du kan også ta med Senterpartiet i denne form for unnamanøver. ...
Terje Sundsbø 23 timer siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Geir Ole SætremyrFor det første: Siden investeringsmidler er den knappe faktoren, må en ta hensyn til både netto samfunnsnytte og investeringskostnadene, dvs. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøVi kan godt bruke samfunnsnytte pr investert kron, men bare i kombinasjon med samfunnsnytte i kroner. Det er trass alt ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Geir Ole SætremyrNår investeringsmidler er den knappe faktoren, så må en foreta rangering pr. knapp faktor. Eksempelvis netto samfunnsnytte pr. investert krone. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøEg veit ikkje kva gjenståande spørsmål du ikkje har fått svar på.Dersom det gjel sparte CO2 utslepp frå ferga til ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøKva er feil I mi analyse?Eg har dokumentert det KS2 rapporten sei om namfunnsnytten er i kroner. KS2 snakkar ikkje ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse