Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Illustrasjon: Gjermund Kvernmo Langset
Illustrasjon: Gjermund Kvernmo Langset
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Møreaksen er ikkje eit alternativ for ny E39 over Romsdalsfjorden, det er det einaste alternativet.

Møre og Romsdal har ei utvikling som byr på store utfordringar framover. Å tenkje at vi skal halde fram på same måte vi alltid har gjort, men at resultatet skal verte noko anna er sjølve definisjonen på galskap.

Annonse
Annonse

For å møte desse utfordringane må vi knyte fylket vårt betre saman, slik at vi legg til rette for verdiskaping og attraktivitet. Distriktsdemografiutvalet med Victor Norman er særs tydelege på at det må investerast meir i vegprosjekt som styrkar dei regionale arbeidsmarknadane. Og at gevinstane av regionforstørring vert undervurderte ved prioritering av vegprosjekt. Vegane må med andre ord gå der folk bur og mellom plassar folk skal.

26.09. skriv Magnar Storøy til meg i SMP. Eg set stor pris på å få tilsvar, men premissa Storøy legg til grunn er direkte feil. Han meiner vi må prioritere velferd nær folk. Då er det besynderleg at han tek til orde for Romsdalsaksen. Eit forkasta prosjekt, i eit område med tynn befolkning, med ein trasé som folk ikkje skal køyre. 80% av dei som kryssar fjorden skal til/frå Molde.

Annonse
Annonse

Paul Hofseth skriv 24.10. at det er ein fordel at krangelen om veg kan halde fram. Det er trist lesing. Dei einaste som har ein fordel av dette er konkurrerande næringsliv og regionar i inn- og utland. Den type haldningar han syner, er det største hinderet for framtida til Møre og Romsdal.

Det er naudsynt med meiningsutveksling for å lande gode avgjersler. Men diskusjonen om fjordkryssinga er ein konstruert diskusjon, som vert heldt i live av ugrunna påstandar og ei manglande evne av å ta inn fakta.

  • Møreaksen har brei politisk forankring og er prioritert i NTP. No manglar tilstrekkeleg ramme i statsbudsjettet.
  • Reguleringane for fjordkryssinga er vedteke og ein er klar til bygging.
  • Romsdalsaksen eksisterer berre i tankane til einskildpersonar. Den vart forkasta av Stortinget i 2014 og er ikkje eit alternativ.
  • Dei statlege midlane som skal nyttast på Møreaksen kan ikkje nyttast til andre prosjekt i Møre og Romsdal. Det påverkar ikkje vedlikehald av fylkesvegar.
  • Det er tryggare å køyre i moderne tunellar, enn på vanleg veg oppe i dagen.
  • Møreaksen vil gi 10 000 fleire personar enn i dag reisetid på under 45 min til Molde eller Ålesund. Dette vil gi betre tilgjenge på offentlege tenester, tilgjenge på kultur- og fritidstilbod.
  • Møreaksen vil gjere Molde og Ålesund til ein felles bu- og arbeidsmarknad.
  • Over 100 bedrifter, med 23 000 arbeidsplassar og 100 MRD i omsetning signerte i 2021 på eit krav om bygging. Næringslivet vil ha Møreaksen.
  • Menon har anslått en verdiskapingsgevinst på mellom 17 og 37 MRD. 42% av dette vil skje i andre fylker, noko som viser betydninga nasjonalt. Det er ei god prioritering for AS Noreg.
  • Møre og Romsdal står for 20% av verdiskapinga i sjømat, 11% av fastlandseksporten og 5% av innbyggjarane. Likevel får vi berre 1% av samferdselsmidlane.

Det var også motstand mot Krifast og Eiksundsambandet. Eg trur likevel ikkje dei som brukar vegane dagleg heller skulle stått i ferjekø. Og trass alt har dei gode sveler hjå bakaren også.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Rolf Erik Pedersen · 10 måneder siden
    Forfatteren er en kar som har bygd opp sitt Bauta, der ha etablerte seg på Vik i Tomrefjord,  fordi at noen hadde garantert for at Tautratunellen skulle bygges.
    Men det han skriver, har vi sett før. 
    Hadde dette vært i musikkverk, hadde han blitt anmeldt for plagiat! 
    Det oser egoisme. 
    En som er leder for forettningsutvikling og Bærekraft,  burde være opptatt av Bærekraft. 
    Bærekraft  betyr at alle skal få bedre hverdag, både i dag, og 20 år...ķ
    Anbefaler å stryke Bærekraft,  til du viser at du forstår hva det betyr, for alle, ikke bare for deg og dine.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 9 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Hvor mange hvilepauser tok du på turen fra Ålesund til Larsnes, ikke ulik lengden mellom Ålesund til Molde? Er det bare til Molde man trenger å ta pause?

      For fergene blir strømforbruket over Romsdalsfjorden: 600 kWt en vei x 51 ganger pr dag x 2 retninger x 365 dager i året = 22.338.000 kwt pr. år.

      Strømforbruket for hele RyFast er ca. 5.000.000 kwt pr. år. Da kan bilene over Romsdalsfjorden bruke 17.338.000 kwt pr. år, dvs. vel 47.501 kwt pr. dag på strømmen som er til overs etter drift av tunnelene på Møreaksen, som neppe bruker mer enn hele RyFast. Trafikken over Romsdalsfjorden er på omkring 2400 ÅDT, dvs. hver bil kan bruke omkring 20 kwt på å krysse Romsdalsfjorden på Møreaksen, i snitt over hele året, et langt strekke i en varm tunnel. I tillegg frigjøres ferger fra to andre fergestrekninger. Strømmen herfra er da helt til overs.

      Siden pengesekken er begrenset er det urimelig at de samme står først i køen og hele tiden forsyner seg før alle andre. Da er det på tide å se på fordelingen. Kan du gi en oversikt over midler til fergeavløsningsprosjekter på Sunnmøre, og sammenstille dette med tilsvarende i Romsdal?

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 9 måneder siden
      @Terje Sundsbø Dersom du har et snev av geografikunnskap vil du ha fått med deg at eg på vei til Sandsøya så tok eg først ferge frå Sulesund til Hareid. Beregna ventetid 15 minutt, 23 minutt overfart.  Venting på Larsnes 40 minutt, overgart til Voksa via Åram, 30 minutt. Tilbake kl. 13.00 , litt lenger overfart på grunn av full ferge og deretter 10 minutt venting på Hareid. Heime kl. 15.15. Alt utrekna på førehand og ingen stress. Sjøl om der er ønske både om fergeavløysing på begge strekningane vil nok det aldri komme. Uthvilt også.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 9 måneder siden
      @Terje Sundsbø Der er ein feil ved oppsettet over forbruk på ferga mellom Vestnes og Molde. Ikkje samme frekvens på lørdag, søndag og bevegelige helgedagar.

      Dessutan, SVV har sjøl oppgitt elforbruket på Møreaksen til ca 20 millionar kWh.  Webinar på Vestnes, samt stadfesta i epost til meg. Lys, pumper og vifter eksempelvis. Elforbruk på ferger inkluderer alt, framdrift, lys og varme.


    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 9 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Du har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ferger på turen fra Ålesund til Larsnes. Ferger som mange ønsker avløst. Godt å få bekreftet at ferger er en tidstyv av dimensjoner, også på retur. Mener du at det bør vare tilsvarende pauser på turen fra Ålesund til Åndalsnes?

      Fortsatt har du ikke svart på mitt andre spørsmål. Siden pengesekken er begrenset er det urimelig at de samme står først i køen og hele tiden forsyner seg før alle andre. Da er det på tide å se på fordelingen. Kan du gi en oversikt over midler til fergeavløsningsprosjekter på Sunnmøre, og sammenstille dette med tilsvarende i Romsdal?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 9 måneder siden
      @Terje Sundsbø Realisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp til ein kostnad på 400 millionar. For å kunne ta i mot større ferge. Gratis utenom strekninga Larsnes til Åram. 

      Hafstad, Fefast og Rovdefjordsambandet ligg langt fram i tid. Likeeins for Nordfjordsambandet og samband i ytre.

      Følgelig, ferger er komne for å bli.

      Forøvrig, for meg kosta fergebilettane i dag 41 kroner tur/retur. 

      Eg skal innrømme at eg er pensjonist og blir lite stressa av tilpasning. I tillegg gikk det litt ekstra venting på Larsnes på grunn av lågare frekvens på Sulesund til Hareid søndag formiddag.  I tillegg 15 minutt margin på Voksa på forventa auka trafikk, noko det var. 

      Og, der bur folk framleis.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
    Forfattaren skriv: ""Reguleringane for fjordkryssinga er vedteke og ein er klar til bygging.""

    Vestnes har teke forbehold om at det ikkje skal settast trafikk på Vik til Molde før Vik til Ørskogfjellet er ferdig. Den siste strekninga er ikkje ferdig regulert, og blir ikkje gjort før strekninga vestover er ferdig regulert. 

    Så har forfattaren rett i at :""Møreaksen har brei politisk forankring og er prioritert i NTP. No manglar tilstrekkeleg ramme i statsbudsjettet.""  -- Og det siste er ikkje sikkert kjem på ei stund, i alle høve ikkje før der er påliteleg kostnadskalkyle for heile strekninga Ålesund til Molde. Utan den er teppet rykka ut under bu- og arbeidsmarknaden.

    Studer gjerne SVV si framskriving av trafikken på ein av plansjane som er definert som møtereferat  https://alesund.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2021390413&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=795&

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 10 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Rekkefølgekravet fra Vestnes kommunestyre er ikke godtatt av Statens vegvesen.

      Møreaksen er nå delt i to – trinn 1 og trinn 2, der trinn 1 er fjordkryssingen Vik-Molde, og trinn 2 er Ålesund-Vik. Det er ikke slik at planlegging og finansiering av trinn 2 må være ferdig før bygging av trinn 1 kan starte. Byggingen av trinn 1 er estimert å ta 10 år, mens trinn 2 vil ta 4 år. Følgelig må byggingen av trinn 1 starte opp 6 år før trinn 2 for at hele Møreaksen skal ferdigstilles samtidig.

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
      @Terje Sundsbø Ha du dokumentasjon på at SVV har krevd statlig reguleringsplan?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
      @Terje Sundsbø Vedtak i Vestnes kommunestyre 15.06.23., sitat:
      Kommunestyret sitt vedtak
      1. I medhald av Plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner kommunestyret reguleringsplan for E39
      Ørskogfjellet – Vik
      2. Vestnes kommune presiserer rekkefølgebestemmelse frå 2021 om at Vik-Ørskogfjellet må
      ferdigstillast samtidig som Vik-Julbøen
      3. Forbikjøringsfelt for E136 opp Skorgedalen må med i plana, då Eksportvegen er like viktig som
      E39.

      Dersom du sjekker alternativet med statlig plan, noko SVV trua med i folkemøte i Vestnes, og også brukte det under eit møte arrangert av oss i Naturvernforbundet 10.11.21. Begge ganger sat SVV at kommunane skulle bestemme inntil ei viss grense før SVV krev statleg plasn.

      Så langt er ikkje dette med Regjeringa si liste der dette er nytta. To delstrekningar er dette brukt, i Lyngdal og i Os.

      Altså er Vestnes sitt krav gyldig.

      Dersom du les dokumenta er kryssløysinga på Ørskogfjellet som definerer påkopling til Ørskogfjellet kviler dette på vedteken plan for Digerneset til Ørskogfjellet, eller Dragsundet til Ørskogfjellet som er ein alternativ framgangsmøte som SVV har på bordet.

      At SVV ikkje liker Vestnes kommune sitt rekkefølgekravet er ikkje anna enn ei flagging av misnøye.

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 10 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Vestnes kommunestyre sier det samme som SVV – hele Møreaksen må ferdigstilles samtidig.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
      @Terje Sundsbø Med klarlagt forpliktande finansiering for heile strekninga.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Petter E. Olsen · 10 måneder siden
    Enda en Don Quixote er ute og rir . . .
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Terje Sundsbø · 10 måneder siden
    Og øyene Otrøya og Gossen får fergefri fastlandsforbindelse, uten at dette går ut over andre samferdselsinvesteringer i Møre og Romsdal i tiår på tiår.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Hans-Peter Kaaresen 10 timer siden Ikkje ei kr er tapt!
Det Frank skriver her, er så sant som det er sagt!!  Derfor er det viktig at vi stemmer på rett ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Pengene i NTP som forsvant – ut av fylket
@Terje SundsbøBasert på slik eg oppfatter bompengeandelen å vere, ja.Men, eg kjenner ikkje vedtaket i Aukra kommune og/eller Møre og Romsdal ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Pengene i NTP som forsvant – ut av fylket
@Geir Ole SætremyrSå i et nøtteskall – KS2-rapporten som la hele kostnadsøkningen utelukkende på bompengeandelen – bommet grovt.
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Pengene i NTP som forsvant – ut av fylket
@Terje SundsbøAkkurat, der skal gjerast ei ny kalkyle der metodane blir vurdert gjennom KS2 rapport initiert av Finansdepartementet. Det er flott, ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Pengene i NTP som forsvant – ut av fylket
@Geir Ole SætremyrDu kan heller se på det på denne måten. Når kostnadene for Møreaksen kalkuleres på nytt, skjer det frikoblet fra ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Pengene i NTP som forsvant – ut av fylket
@Terje SundsbøDu reiser eit politisk spørsmål om gradert kompensasjon for kostnadsauke som følge av eksterne faktorar. Det er ikkje gitt å ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse