«Senterpartiet stiller ultimatum om at innbyggjarane og næringslivet skal betale 3,690 milliard kr i bompengar». Dette må vere «tidenes tåpeligaste ultimatum» – og bør nok føre til at innbyggjarane og næringslivet setter «Bom stopp» for stemmer til Sp i Ålesund og i Møre og Romsdal forøvrig.
At det same Senterpartiet også har ansvaret for planane om vindmøller i Haram, er eit klart bevis på at miljø er noko Sp skriver om i festtalar, medan dei i realiteten gjev fullstendig blaffen i kva innbyggjarane meiner i slike saker.
FrP kjem til å fortsette å kjempe imot bompenge og bypakken i Ålesund. Dette er påklaga og kjem til ny behandling både i bystyret og i fylkestinget etter valget, og vidare til departementet.
Det er også no vedteke av Statsråden og departement, at bompengar på omkøyringsveg er forbode. Dette betyr at bompengar på til dømes Vegsund-Moa, og i Brusdalen samt andre sidevegar må vekk.
Dette betyr at bompengepakken i Ålesund berre kan skrotast, og vil gjelde det same for bypakkane i Molde og Kristiansund.
Møre og Romsdal FrP er også sterkt imot vindmølleplanar, uansett kvar dette blir planlagt her i fylket.
Vindmøller er eit gedigent inngrep i naturen og er også straumproduksjon som både er for dyrt og noko vi ikkje har behov for.
Ei stemme på FrP her i fylket, er ei stemme mot bompengar og bypakkar, og eit klart NEI til vindmøller!